Supplèr etablerte kontakt med den flotte verksemda Dill AS i byrjinga av mars. Dette synte seg raskt til å bli ein god oppskrift for begge partar. No har Supplèr, levert kassesystem og bankterminal både til avdelinga på Halsnøytunet, og den nyetablerte kioskdrifta på M/F Hardingen, som går i rute mellom Kvinnherad og Stord.

Ei knippe Dill ansatte

Nokre av dei ansatte i Dill AS, med dagleg leiar Siv Anita Brovold. (Bilete: www.dill.as)

For Dill AS var det fleire faktorar som var viktig i forbindelse med val av kassesystem. Men mest av alt den gode funksjonaliteten som ligg i forhold til elektronisk overføring til rekneskap.
– Elektronisk overføring skapar betre oversikt, og god økonomisk styring for verksemda, seier dagleg leiar i Supplèr AS -Hans Inge Myrvold.

Ein nøgd styreleiar i Dill AS

Ein nøgd styreleiar i Dill AS

Dill AS ynskjer og å sjå på moglegheita i å ta i bruk fordelskort/bonuskort for sine kundar som skal reise med bilferja, når dei handlar kaffi. Alt dette ligg klart til bruk i PCKasse. Eit verktøy for å skapa gode kunde3relasjonar, og ikkje minst at kunden kjem attende i kiosken.
Me avsluttar med nokre bilete frå installasjonen av kassesystem.

Frå installasjon på kafèen til Dill AS på Halsnøytunet.

Frå installasjon på kafèen til Dill AS på Halsnøytunet.

Bilete frå Dill sin kasseinstallasjon på M/F Hardingen.

Bilete frå Dill sin kasseinstallasjon på M/F Hardingen.

Supplèr AS ynskjer Dill AS lukke til med nytt kassesystem, og vonar dei får eit godt verktøy i den vidare drifta!

Kontakt Dill AS – Siv Anita Brovold: 48 10 68 13

 

Del

Leave a Comment