Kristin Tufta har lenge gått med ein draum. Ein draum om å få opne og drive si eiga verksemd.
Draumen går i oppfyllelse, etter mange dagar, veker og månader med hart arbeid. Ho har nemleg forvandla ein gammal bustad i Skålagato om til ein særs spanande forretning der klede og mote står i høgsetet.

dav

Plassering av kassesystemet på ein gamal kjøpmannsdisk, gav nokre utfordringar.

Over ein kopp kaffi i nydeleg vårsol, gjekk praten fint. Supplèr AS skulle få levera komplett kassesystemløysing til Instinkt Mote. Lagerstyring og prismerking er viktig å ta på alvor. Difor har Instinkt Mote komplett utstyrspakke som håndterer alt frå varene kjem inn døra, til dei forlet i kundens handlepose.

– Gavekort, tilgodelapp, byttelapp. Alt blir håndtert på ein særs god måte i kassesystemet. Alt er avgjerande for å halde oversikt til eikvar tid. I tillegg skal Kristin sjølvsagt nytta elektronisk rekneskapoverføring, fortel dagleg leiar i Supplèr, Hans Inge Myrvold.

Med god oppfølging, og ivrig lærelyst blir dette prosjektet kjekt å fylgje vidare.

Me ynskjer Kristin og Instinkt Mote AS lukke til med opninga den 26.mai 2016!

De kan lesa meir om Kristin i lokalavisa Kvinnheringen, ved å fylgje denne lenka:
http://www.kvinnheringen.no/mote/butikk/nyhende/snart-ny-motebutikk/s/5-27-20803

De finn og Instinkt Mote på Facebook og Instagram.

Kontakt: Kristin Tufta – Mobil:975 68 757

Detaljar

Del

Leave a Comment