Kassesystem hos Landsbybakaren AS

Då Supplèr tok kontakt med den komande Landsbybakaren, var det tydeleg at bedriftseigaren hadde eit mål -å få ta i bruk den gamle bakaromnen i bakerilokala på Sæbøvik så raskt som mogleg.
I tillegg gav han oss tilliten med å få levere nytt kassesystem til si nye bedrift. Noko me vonar skal bli ei solskins(bolle)historie!

Landsbybakaren la vekt på eit brukarvennleg system, slik at alle ansatte enkelt kunne betjene kundane på ein rask og trygg måte. Med integrert bankterminal, gjekk det heile smertefritt.
Supplèr programmerte alle varer, og la desse inn som hurtigtaster på kassen.

Ein anna ting som var viktig, var den gode statistikk-funksjonen som ligg i kassesystemet. Med nokre enkle tasteklikk, kan Landsbybakaren kjapt finne ut kor mange ulike brød og bollar, som f.eks blei selt forrige veke, månad og år. På den måten kan dei planlegge produksjonen på ein betre måte!

Supplèr AS ynskjer Landsbybakaren AS lukke til med nytt kassesystem, og vonar dei får eit godt verktøy i den vidare drifta!

Kontakt Landsbybakaren AS – Odd Hallvard Johnsen: 95 91 40 73

Her føl nokre bilete frå opninga:

Detaljar

Del

Leave a Comment